Fagre Stryn – vår

Fotoworkshop - natur

Fagre Stryn - vår

Fotoworkshop mellom fjord og fjell

Tid

  • mai 29, 2025
  • juni 1, 2025
  • 10:00 AM
  • 02:00 PM

Sted

  • Hjelle hotell , 6798 , Hjelldalen
  • Norway
  • +47 924 33 500

Pris

  • NOK 5.900 / 5.400 (før nov 2024)

Målsetting

Fagre Stryn er eit begrep som ikkje har oppstått utan grunn. Naturen i Stryn er mektig, dramatisk, vakker og kontrastrik. Dette er ein fotoworkshop der nettopp dette landskapet står i fokus – med Oppstryn som utgangspunkt. For naturfotografen er dette eit eldorado – reine godteposen.

Høge fjell med kvite restar av vinter på toppane speglar seg i grøne brevatn, skummande elvar og fossestryk, hjorten beiter på grøne bøar og lamma dansar i den lyse vårkvelden.

Utallige prospektkort viser dette landskapet, men vi skal på denne workshopen prøve å fange det på vår måte. Vi skal fange lyset, stemninga, det dramatiske, dei små detaljane. Vi skal på vår kreative måte jobbe mot å skape noko meir enn berre det vakre prospektkortet.

Om Fagre Stryn vårfotoworkshop:

Der er utallige spennande turalternativ i området både i sjølve Oppstryn og i Stryn ellers. Vi har ei plan for kvar kursdag, men det er også rom for litt fleksibilitet avhengig av lyset og været den enkelte dag. Det blir kortreiste turar i nærområdet, litt lenger turar, og gjerne fotografering i kveldslyset.

Hovudaktiviteten desse dagane er uansett fotograferinga, men vi må også sette av litt tid til å laste inn og redigere dagens fangst. Og så har vi bildegjennomgang der vi diskuterar og lærer av det vi har gjort. I denne prosessen ser vi på kva som fungerar og kva som kunne vore gjort betre. Det fine no i vår digitale kvardag er at vi kan prøve ut alternative utsnitt og justeringar der og då i staden for å berre prate om det. Dette er ein lærerik måte å gjennomgå bileta på.

Dette er ein workshop der fotografiet står i sentrum, men eg hjelper til og deler kunnskap på alle plan der det måtte være behov for det, eksempelvis om det er tekniske spørsmål, bildebehandling osv. Det er mange brikker som må på plass på ein god måte for at det ferdige biletet skal bli optimalt – eit interessant motiv, fornuftige tekniske innstillingar, komposisjon, kreative vinklingar, lyset, og til sist etterbehandlinga.

Kort info, påmelding og betaling:

  • Kurshaldar: Terje Skåre: 924 33 500 / terje@fotograf-skaare.no
  • Kursstad:  Hjelle Hotell
  • Kursdagar: torsdag 29/5 – søndag 1/6
  • Kursstart:  torsdag kl 10.00
  • Kursavslutning:  søndag kl. 14:00
  • Kurspris ved påmelding innan 1/11-2024 : kr 5.400,-
  • Kurspris ved påmelding etter 1/11-2024: kr 5.900,-
  • Påmeldingsfrist: 15/3-2025
  • Påmelding: Trykk påmeldingingsknapp og send påmelding til workshopen via kontaktskjema.
  • Etter påmelding mottar du epost med faktura for betaling av kursdepositum: kr 1.500,-
  • Depositum er ikkje refunderbart (med mindre ein har sjukmelding)
  • Om workshopen ikkje blir noko av få du sjølvsagt depositum tilbakebetalt
  • Du mottar faktura for betaling av resterande beløp (kurspris – depositum) når workshopen nærmar seg.
  • Betalingsfrist: Angitt på faktura
  • Kursopplegget: Masse fotografering ute i naturen – frå dei små detaljane (makro) til dei storslagne landskapa. Bilde-visning/-gjennomgang/-diskusjon. Vi prøvar også å hente ut det beste frå våre bilete ved å justere dei inn i Lightroom.
  • Veiledning: Individuell hjelp undervegs når ein måtte lure på noko.
  • Om du har spørsmål om workshopen så ta kontakt på 924 33 500 eller via kontaktskjema.

VELKOMEN TIL FOTOWORKSHOP I FAGRE STRYN!

Praktisk informasjon

Transport:

Workshopen går ifm Kristi himmelfartshelga – torsdag, fredag, laurdag og halve søndag. Så ein må reise til Oppstryn på onsdag kveld, og heim igjen på søndag kveld. Den enkelte må sjølv ordne transport, men eg kan hjelpe til å koordinere litt slik at ein kan sitte på med kvarandre om det passar seg slik.

Overnatting:

Den enkelte må ordne overnatting sjølv. Eg anbefalar Hjelle Hotell: http://www.hjelle.com der deltakarane har budd også tidlegare år. Ein koseleg plass med hyggeleg vertskap. Ein får rabatt på overnatting ifm workshopen! NB! Mai er høgsesong på hotellet (og i området ellers) og det er typisk fullbooka lang tid i førevegen. Så om du vil sikre deg rom på hotellet bør du booke deg inn i god tid.

Koselege Hjelle hotell

Utsikten frå Hjelle hotell

Mat:

Mat er ikkje inkludert i kursprisen. Den enkelte et frokost før frammøte kvar dag, og har med nistepakke til vi skal på tur. Middag tilpassar vi litt til turane dei enkelte dagane.

Kurslokalet:

Kurslokalet der inneundervisning og bildegjennomgang føregår er også på Hjelle Hotell der kursdeltakarane bur. Med andre ord «compact games» der vi ikkje sløsar bort tid til unødvendig forflytning fram og tilbake.

Spennande turar i området:

Som sagt er det mange spennande turalternativ til fotogene stader i nærområdet. Her er nokre av dei ….

Segestad:

Ein kort, men ikkje ikkje desto mindre fantastisk tur til den nedlagde fjellgarden 300m over det grøne Oppstrynsvatnet. Mektige fjell speglar seg i vatnet som såleis viser vinter og sommar på same tid. Havørna held til under det bratte stupet og hoggormen varmar seg i sola. I blomsterenga kan vi fokusere på dei små detaljane i naturen og gløyme tid og stad. 

Den nedlagde garden Segestad ligg luftig til oppe på stupet

Utsikten frå Segestad og ned i Oppstrynsvatnet

Erdalsetra:

Ein vakker og frodig U-dal som eingang blei skura og forma av isen. Rikt fugle- og dyreliv på dei vide breelvslettene. Om nokre veker ligg den fine sætervollen på Erdalsetra der frodig og grøn og ventar på kyrne som skal beite der, men enno er fjellsidene snørike og minner om vinteren som var. Mektige snøras høyrer våren til på desse kantar. Det er dramatisk å sjå når naturen slepper laus desse enorme kreftene!

Ein del snø har alt rast ned og skapar fin kontrast mot det grøne som spirer, men mykje meir er i vente.

Sommaren får snart overtaket på vinteren – om våren deler dei scena

Om nokre få veker er det sommaren så råder på idylliske Erdalsetra

Lodalen:

Det grøne Loenvatnet speglar Ramnefjellet, fjellet som med sine enorme steinras rett i vatnet i 1905 og 1936 la bygda øyde. Flodbølga som var 74m høg vaska vekk så godt som alle hus og 74 liv gjekk tapt i raset i 1936. I 1905 var det 61 som mista livet i flodbølga. Dalen er frodig og vill, og innerst inne heng Kjenndalsbreen mellom brusande fossar i fjellsidene.

Her er det haust i Lodalen, men like fullt visest det 800m høge såret i Ramnefjellet og at vatnet er grønt.

Ramnefjellet speglar seg i det grøne Loenvatnet

Fossar renn som sølvtrådar nedetter fjellsidene i Kjenndalen

Tvinnefossen:

Denne flotte fossen finn ein i Randabygda på nordsida av fjorden. Ein kan gå bak denne fossen og i mai med stor vassføring brusar han godt.

Ein kan gå bak Tvinnefossen

Ivrige workshop-deltakarar ved Tvinnefossen