About me

Om meg

Fotograf Terje Skåre

Født og oppvokst i Fagre Stryn - i naturen - under breen

Allsidig fotograf med base i Oslo
Firmakunder & privatkunder
Fotokurs & workshops

Fotografi er kunst

Kunsten er å skape noko heilt spesielt

på ein heilt vanleg stad

… så blei eg fotograf

Mine aller første bilete tok eg i naturen heime i Oppstryn. Eg var 12 år. Det var ein solskinnsdag i april at far, mi tvillingsøster og eg gjekk oss ein tur på setra. Far hadde med seg sitt enkle kompaktkamera der det typisk var plass til to julefeiringar på den same filmen. Ein sløste ikkje med filmen i dei dagar. Eg hugsar eg fekk låne kameraet og tok tre bilete av min far der ute i naturen. Eg minnest det var spennande å skulle fotografere, at eg brukte lang tid på å sjå i søkaren og flytte meg rundt før eg trykte på knappen. Når eg no tenkjer tilbake på dette – at eg ikkje berre knipsa bileta i full fart – så tenkjer eg at kanskje det var ein indikasjon på at det var nettopp fotograf eg ein dag skulle bli, sjølv om eg den gang lite visste om framtida mi.

Det blei med desse tre bileta fram til eg var 18 og kjøpte mitt første kamera – Nikkormat EL. Det var stor stas, og eg hugsar enno kor fint det sang i lukkeren på dette kameraet. Det var naturen heime i Fagre Stryn som fanga mi fotointeresse og det var desse motiva eg typisk festa til filmen dei første åra. Etter kvart henta eg mykje inspirasjon gjennom deltakelse på ei rekkje fotoworkshopar.  

Eg kjende meir og meir at det var når eg fotograferte at eg verkeleg levde – at tida stod stille – det var ei flukt i frå nuet og inn i nuet – eit anna nu!

Vendepunktet kom i 2001 då fotograf endeleg blei min jobb profesjonelt. Eg elskar å fotografere og eg likar variasjon. Difor ynskjer eg alle typar jobbar og kundar velkomne, både firma og private. I tillegg er fotokurs og workshops ein svært viktig del av min jobb.

Det var i naturen det heile starta og der elskar eg framleis å vere både med kamera, ski og skøyter. Sjølv om mine fotograferingsjobbar no dreiar seg om heilt andre motiv enn natur så er likevel min identitet sterkt knytta til den – og til språket. Difor har eg skrive desse linjene om meg sjølv på nynorsk sjølv om tekstane på mi nettside ellers er på bokmål.

Velkomen til mi nettside og til å studere alt det fotografiske eg kan hjelpe deg med!

    Terje Skåre fotograf
    Brattvollveien 207
    N-1164 Oslo
    +47 924 33 500
    terje@fotograf-skaare.no
    http://www.fotograf-skaare.no

    Orgnr: 982 812 836 mva

    Medlem NFF – Norges Fotografforbund
    Æresmedlem NSFF – Norsk Selskap For Fotografi
    Æresmedlem OKK – Oslo Kamera Klubb

    Tjenester

    Jeg fotograferer for både firma og private kunder. Holder fotokurs, workshops og privattimer.

    Les mer

    Prisliste

    Se prisliste for privatkunder. Pris for bedriftskunder avtales spesielt.

    Les mer

    Spesialiteter

    Allsidigheten er min spesialitet, men aller mest lyset og stemningsfull lysmaling med lommelykt.

    Les mer

    Kundereferanser

    Her er noen av kundene jeg har hatt - firmaer og kurskunder.

    Les mer

    Tilbakemeldinger

    Se hva mine kunder sier - både firma og private, kurs- og workshop-deltakere.

    Les mer

    Utmerkelser

    Det er alltid hyggelig med anerkjennelse for sine fotografier.

    Les mer